Det veks ein haug i skapet mitt
med skit og søl og krøll
som ligg på lur bak spegelet
og berre ynskjer bøll
Han veks i takt med dagane
han ligg der, brei og rå
eg blir redd og vonbroten
og orkar ikkje sjå
Så hende det i ny og ne
at eg i nøden går berserk
riv og slit i tusshaugen
og held fram staut og sterk
Eg spring med angst og åndenaud
ned trappa til eit rom
kor maskina står å gapar stygt
sulten, klar og tom
Eg hiv han inn, smell døra att
og jublar høgt i sky
eg vann, eg vann – for denne gong
så byrjar me på ny
«Neste gong, då» seier eg
og så kjem lovnader og ord
om eg tek klesvaska for ho tek meg
då har eg nok blitt stor